mandag, april 30, 2007

Øystein:

Noen ganger er det allright...

... å ta bilete av blomar, noko eg gjorde i dag. Sidan det er ein aktivitet som vert sett ned på, kjem eg her med eit aldri så lite forsvarsskrift.

Å ta bilete av blomar står altså lågt i kurs mange stader. Det er for det fyrste noko svært mange som skaffar seg eit brukande kamera gjer. Dessutan er det ikkje særleg utfordrande å ta bilete av slike stilleståande objekt. Ein kan også verta klandra for å vera feminin (i den grad det er ein negativ karakteristikk i vår tid), for det skil seg vel ikkje særleg frå å plukka blomar? Tenk på dei mest mandige og barske mennene du kjem på. Kan du sjå dei for deg med ein liten bukett kvitveis i neven? Eg trudde ikkje det. Og så vidare. Så kvifor tek eg denne risikoen?

Då eg tok 3bi (biologi for vidarekomne) på gymnaset hadde eg ein framifrå idé. I staden for å samla inn blomar til det obligatoriske herbariumet fann eg ut at eg skulle ta bilete av dei. Digitale kamera var hausten 1999 noko ganske sjeldent, dyrt og dårleg, så eg skulle ta bilete med det analoge kameraet mitt. Det fungerte dårleg, men idéen var god. Eg var eigentleg forut for mi tid. No, 7 år seinare, har eg utstyret som eg hadde tronge den gongen, og tanken om eit personleg digitalt herbarium tiltalar meg framleis.

Og for å gå lenger tilbake i tid - frå eg kunne stabba rundt og gå har eg alltid elska dei ørsmå detaljane i naturen. Om det gjaldt ein makk eller ein natt-og-dag, det spelte ingen rolle, eg var like begeistra for begge to. Det er rett og slett ein del av min medfødte personlegdom. Eit lite apropos: Eg hugsar ein sommar fekk eg 50 øre av pappa for kvar blom eg fann som han ikkje visste navnet på. Eg vart ikkje nett rik av det, sidan han er svært kunnig på området. Forresten, Pappa, eg fann ein blom som eg ikkje var sikker på kva var for ein. Veit du? (bildet blei dessverre ikkje heilt bra). Og denna sommarfuglen, kva er det for ein? Viss det er andre som veit, er det fritt fram for forslag, sjølvsagt.

Og til sist: Det gir meg rett og slett sjelefred. Her fylgjer nokre få bilete frå dagens skogstur som eg lagt inn i mitt nye digitale herbarium. Trykk på blomen for å koma dit! (Utstyr: Ei linse som er eitt år eldre enn eg, + kamera.)

5 Comments:

Blogger Petter said...

Ja, vi har flere kjære minner om Øystein-guten som begeistra kom inn med både den eine og den andre fine fangsten av småkryp!

Blomen du har fotografert denne gongen, er nok ein korsknapp (høyrer til leppeblomfamilien)

9:15 AM  
Blogger Petter said...

Og sommerfuglen ser ut til å være en kålsommerfugl (pieris brassicae), en av våre vanligste hvite sommerfugler.

9:21 AM  
Blogger Øystein said...

Aha! Eg visste nok du kunne finna ut av det.

11:38 AM  
Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said...

Hei!

Ville berre fortelja om kva eg drøymte i natt, nemleg at de hadde flytta ned der de parkerer bilen dykkar (i draumen stod det nemleg eit bygg der), og leilegheita var heilt lik den de har no, bortsett frå at han var i fyrste etasje, og langt ifrå så lys og fin, og eg fatta aldri i løpet av draumen kvifor de i det heile tatt flytta.

Har kanskje noko med at eg ikkje har vore på besøk på ei god stund, men kanskje me kan ta ein kveld med puerto rico?
Har god tid denne veka :)

2:58 PM  
Blogger Øystein said...

Hehe, artig. Ingvild fortalte meg i går at ho hadde drøymt at du hadde fått deg ein pytonslange som du lot gå fritt. De budde tydeligvis framleis på tysnes i draumen hennar. Men alt tyder på at det er på tide med eit besøk. Huset står som regel ope, så det er berre å koma, akkurat som i gamle dagar.

3:05 PM  

Legg inn en kommentar

<< Home